lørdag 30. mars 2013

Luksusbaguette




Nordmenn et mykje brødmat, og ser ut til å ikkje overleve utan den grove brødskiva. Sjølv om det finnast mykje godt vanleg brød der ute, blir ein litt lei av og til. Då er det godt med ein luksusbaguette til avveksling

Til ein porsjon treng du;
ein baugette eller anna godt småbrød
ruccola eller anna salatblad
nokre skiver spekeskinke, fenalår eller anna god delikatesseskinke
kremost (gjerne med smak t.d. pepar, krydder, urter e.l)
1/2 avokado
litt paprika
salt og pepar

 Eg brukar gjerne dei halvsteikte grove baguettane som finns i butikkane, men har ein eit godt bakeri i nærleiken er det eit supert alternativ! I alle høve, er ikkje baguetten ferdig steikt, må ein jo sjølvsagt gjere det først (følg instruksen på pakka).

Mens baguetten avkjøler seg litt, vaskar ein salataen og legg den til tørk på eit kjøkkenpapir.

Del bagetten i to på midten, og del den på langs og brett ut som ei bok. Smør kremost på både botn og toppen av baguetten. Fordel salat på botn, og legg på pålegg, ver gjerne raus!

Ein moden avokado er mørkbrun, og gir litt etter når ein trykkjer forsiktig på den. Butikkane har ofte ferdig modna avokado i pakkar på to. Del avokadoen på langs, og vri lett. Når ein berre skal bruke halve avokadoen, let ein steinen stå i, då held den seg lenger. Skrap ut avkoadoen du skal bruke med ei skei. Skjer avokadoen i tynne skiver og legg oppå. Dra nokre drag med svart pepar over med peparkvern, og ev. litt salt (avokado smakar ikkje så mykje i seg sjølv). Legg paprika skiver oppå og klem toppen på.

Et ein ikkje ein heil baguette, kan ein godt lage til resten til niste.

Ein kan sjølvsagt bruke andre grønsaker på baguetten, om ein har nokre favorittar. Grøne oliven med kvitlauk i skiver er ein favoritt. Eller bruke sånn svidd og flådd paprika, i staden for frisk paprika. Det er berre fantasien og ganen som set grenser for kva ein kan ha på!

Vel bekome!

P.S. Avokado er svært sunt, her kan du lese om fordelane; Sju gode grunnar til å ete avokado

torsdag 3. januar 2013

Brennande kjærleik


Denne retten fell innanfor kategorien kjempegod på smak, men kanskje ikkje den vakraste reint presentasjonsmessig. Det bør ikkje avskrekke nokon, for dette er komfortmat! Rimeleg er det også. Og ikkje minst ein god måte å bruke opp restar på.

Til ein stor porsjon trengst;
4 grillpølser, i bitar
1 liten purre, i ringar
1 stor sopp, delt i to, og i skiver
1/2 liten paprika, i terningar
1 pk. potetmospulver (gjerne med krydder/graslauk)
1 neve riven ost
salt/pepar (piffikrydder e.l.)
margarin til smøring av forma

Lag potetmos slik som beskrive på pakken (har ein heimelaga potetmos til overs, kan ein sjølvsagt berre varme oppatt denne).

Surr pølser, purre, sopp og paprika lett på steikepanna. Krydre med pepar, og ev. piffikrydder.

Ha potetmos i ei smurd eldfast form (ikkje for stor, ca. 2,5 liter). Fordel pølsemiksen oppå potetmosen og strø ost på toppen. Gratiner i omn til osten smeltar og byrjar å bli litt brun.

Det går fint å servere denne retten med salat og brød til.

Som nemnt er det mange moglegheiter her;
I staden for pølser kan ein bruke bacon, restar av steik, kylling/kalkun, karbonader, steikt kjøtdeig. Ein kan også bruke restar av grønsaksblanding. Eller ein kan bruke ferske grønsaker som bl.a. brokkoli, mais, lauk, kvitlauk. Det er i grunn berre fantasien som set stoppar.

Denne porsjonen er ganske stor, så den held til to dagar, eller til ein svært svolten person.

Vel bekome!

lørdag 3. november 2012

Orientalsk burger






Burger blir nok ofte rekna for å vere ganske usunt, i alle fall om ein kjøper den på ein snarmatrestaurant. Lagar ein burger frå grunnen sjølv, har ein meir kontroll på innhaldet.

Til fire burgerar treng ein;

ca. 500 g karbonadedeig
1 liten raudlauk, riven
2-4 kvitlauksfedd, riven
2 ts garam masala
1 ts salt
ca. 1/2 ts svart pepar
olje

salatblad
tomatskiver
raudlaukringar
burgerbrød
ketsjup og sennep

Bland saman karbonadedeig, riven lauk og kvitlauk, garam masala, salt og pepar til ei seig farse. Ta litt vatn på ei fjøl og på hendene og form fire jamne bollar. Trykk bollane flate. Det kan vere lurt å klappe burgerane ganske flate, sidan dei veks litt i høgda når ein steiker dei.

Varm olje i ei steikepanne, og brun burgerane på begge sider, omlag 3-5 minutt på kvar side.

Lag til burgerbrød med salat, tomat og laukringar og burger.

Burgerane som blir til overs kan godt frysast. 

Vel bekome!


torsdag 2. august 2012

Fiskesuppe med litt ekstra


Fiskesuppe er gjerne litt meir mat i enn andre supper. Dvs. det kjem an på kor mykje ein puttar i. Sjølv er eg ikkje så glad i fiskesuppe av posevarianten, men kjøper gjerne den varianten ein finn i frysedisken. Den har som regel litt fisk og grønsaker i, og ein treng berre å tilsette litt væske. Denne oppskrifta har litt meir enn det som følgjer med i pakken.

Til ein middagsporsjon treng ein;

1 pk frosen fiskesuppe
1 beger créme fraîche (ikkje lettvarianten)
2 dl lapskausblanding
1/2 boks reker eller skaldyrblanding

godt brød

Ta opp fiskesuppa litt før du skal lage den, så den får tint, ev. tin den litt i mikrobølgeomnen. Ha suppa i ei gryte. Følg instruksjonane på pakken, men erstatt mjølk med créme fraîche (då blir suppa meir fyldig). Gi eit oppkok under omrøring, ha i lapskausblanding og la putre til denne er gjennomkokt.

Rett før servering ha i reker eller skaldyrblanding. Dette skal berre bli gjennomvarm, blir det kokt lenge får rekene ein viskelæraktig konsistens.

Server med godt brød til eller flatbrød.

Vel bekome!

onsdag 18. juli 2012

Dampa blåskjell


Om sommaren er det ofte eg ikkje gidd å lage middag, men tek noko enkelt. Då er sjømat godt, og då særleg blåskjell. Det er vel ein tommelfingerregel som seier at blåskjell skal etast i månadar med R i, men eg kjenner meg trygg når eg kjøper blåskjell i fiskedisken på butikken. Reknar med at dei då har vore testa:)

Til ein middagsporsjon treng ein;
1 nett blåskjell
ca. 2 glas kvitvin (ev. cider)
2 sjalottlauk
2-4 kvitlauksfedd
eit knippe dill

brød

Før ein dampar blåskjell må dei sorterast og vaskast først. Daude blåskjell må kastast. For å sjå korleis ein best førebur blåskjella, sjekk ut denne videoen http://www.youtube.com/watch?v=uttfm2dbHeM (engelsk).

Grovhakk lauk og kvitlauk, riv dill i mindre bitar. Ha dette i ei gryte og hell over kvitvin. Legg på lôk og kok opp. Hell i blåskjella når det kokar i gryta. Legg på lôk att og senk varmen litt og la dampe i 5-7 minutt til blåskjella opnar seg. Rist i gryta av og til.

Før ein serverer blåskjella fjern dei blåskjella som ikkje er skikkeleg opna. Dei kan vere dårlege.

Server med godt brød til, t.d. kvitlauksbrød, pariserloff eller anna småbrød.

Vel bekome!


torsdag 28. juni 2012

Curry


Dette er for så vidt ikkje ei oppskrift, sidan eg brukar saus frå glas. Litt av grunnen til det er at det er frykteleg mange ingrediensar om ein skal lage curry frå byrjinga. Og så er jo glas lettvint:)

Til 1 porsjon treng ein;

200-250 g kjøt (t.d. kylling, lam, svin), i strimlar
olje
1 glas currysaus
1 1/2 dl ris (jasmin eller basmati)
naanbrød

Brun kjøtet først til det er jamt steikt i litt olje. Eg brukte ein type Rogaan Josh saus på glas som har krydderblanding separat i lôket. Då surrar ein kjøtet nokre minutt i krydderblandinga før ein har sausen over og let det putre i nokre minutt.

Kok risen etter instruksane på pakken. Varm naanbrødet

Server curry'en på ris og med naanbrød.

Vel bekome!

tirsdag 26. juni 2012

Kokt makrell med agurksalat


Makrell høyrer sommaren til, då gjer det heller ikkje noko at den er kjempebilleg i ferskvaredisken. Makrell er ein feit fisketype som er full av omega, som seiast å vere sunt. Men ein må vere litt obs på at denne er mektig, så ein blir fort mett.

Til ein porsjon treng ei;
1 stor eller 2 små makrellar
1 1/2 l vatn
3/4 dl salt
7-8 svarte peparkorn
2 små laurbærblad

1/3 agurk
2 ss 7% eddik
1 ss sukker
1/2 dl vatn

2-3 kokte poteter
rømme

Lag agurksalaten først så den får stå å trekke, omlag 30 minutt. Rør ut sukker og eddik i ei glasskål og ha på vatn. Smak til, og juster med ev. meir sukker eller eddik til passe sur-søt. Ha i agurkskiver.

Makrellen er som regel ikkje reinska så det må ein gjere. Det gjer ein ved å skjere eit snitt frå tarmopningen og fram til hovudet. Del av hovudet bak finnane, og ta ut all innmaten. Vask fisken godt inni buken under rennande vatn slik at alt blodet og dei svarte hinnene blir vaska vekk. Del fisken i 3-4 serveringsstykker og kast sporden.

Kok opp vatnet med salt, peparkorn og laurbærblad (ein kan også ha i litt sitron, men då må ein bruke stålpanne/non-stick) til saltet er oppløyst. Ha fisken i og la trekke i 10 minutt (til fisken blir kvit, og skinnet byrjar å løysne).

Server markellen med agurksalat, rømme og kokte nypoteter.

Makrell går fint å steike også, men då lagar ein filetar (sjå video: http://www.youtube.com/watch?v=gqut_esVo7U (engelsk). Det kan vere lurt å vende dei i steikemjøl før ein brunar dei 2-3 minutt på kvar side. Fordelen med store makrellar er at det er lett å finne beina, men kjøtet kan vere litt grovt. Fordelen med små makrellar er at kjøtet er delikat, men det kan vere litt jobb med å fjerne beina. Likar ein ikkje makrell kan ein bruke laks eller aure.

Vel bekome!