søndag 26. februar 2012

Gratinerte pølser i brød


Gratinerte pølser i brød passar fint som laurdagskos eller som ein liten middagsrett. Passar også fint i barneselskap. Rett nok skal ein vel helst ikkje ete for mykje pølsemat, men vel ein magre pølser skulle vel det gå fint av og til. Er i alle fall veldig godt:). Kor mykje ein lagar til kjem an på kor svolten ein er eller kor mange som skal ha.

Til gratinerte pølser i brød treng ein;
Grillpølser (gjerne kyllinggrillpølser eller ein mager variant)
Pølsebrød (t.d. fiberrike pølsebrød)

Topping/"fyll";
Finhakka lauk eller vårlauk
Finhakka paprika
Mais
Salsa
Andre gode ting
Riven ost

Legg pølsene i pølsebrøda som dei er (har pølsene vore fryst, tine dei først). Sett pølsene i ei eldfast form. Dei bør stå tett i tett, så dei ikkje "kollapsar" under steiking. Ha på topping, t.d. lauk, paprika og mais eller berre salsa eller andre kombinasjonar ein likar. Dryss på riven ost. Steik i omn ved 225 grader til osten er gyllen på toppen. Brukar ein berre grantieringsfunksjon, blir gjerne osten gyllen før pølsene er gjennomvarme. Skjer med kniv mellom pølsene og rundt kanten på forma for å løsne pølsebrøda frå kvarandre. Server med ketsjup, sennep og anna pølse-i-brød tilbehøyr. For å gjere det sunnare kan ein ete salat til.

Vel bekome!