onsdag 18. juli 2012

Dampa blåskjell


Om sommaren er det ofte eg ikkje gidd å lage middag, men tek noko enkelt. Då er sjømat godt, og då særleg blåskjell. Det er vel ein tommelfingerregel som seier at blåskjell skal etast i månadar med R i, men eg kjenner meg trygg når eg kjøper blåskjell i fiskedisken på butikken. Reknar med at dei då har vore testa:)

Til ein middagsporsjon treng ein;
1 nett blåskjell
ca. 2 glas kvitvin (ev. cider)
2 sjalottlauk
2-4 kvitlauksfedd
eit knippe dill

brød

Før ein dampar blåskjell må dei sorterast og vaskast først. Daude blåskjell må kastast. For å sjå korleis ein best førebur blåskjella, sjekk ut denne videoen http://www.youtube.com/watch?v=uttfm2dbHeM (engelsk).

Grovhakk lauk og kvitlauk, riv dill i mindre bitar. Ha dette i ei gryte og hell over kvitvin. Legg på lôk og kok opp. Hell i blåskjella når det kokar i gryta. Legg på lôk att og senk varmen litt og la dampe i 5-7 minutt til blåskjella opnar seg. Rist i gryta av og til.

Før ein serverer blåskjella fjern dei blåskjella som ikkje er skikkeleg opna. Dei kan vere dårlege.

Server med godt brød til, t.d. kvitlauksbrød, pariserloff eller anna småbrød.

Vel bekome!