torsdag 28. juni 2012

Curry


Dette er for så vidt ikkje ei oppskrift, sidan eg brukar saus frå glas. Litt av grunnen til det er at det er frykteleg mange ingrediensar om ein skal lage curry frå byrjinga. Og så er jo glas lettvint:)

Til 1 porsjon treng ein;

200-250 g kjøt (t.d. kylling, lam, svin), i strimlar
olje
1 glas currysaus
1 1/2 dl ris (jasmin eller basmati)
naanbrød

Brun kjøtet først til det er jamt steikt i litt olje. Eg brukte ein type Rogaan Josh saus på glas som har krydderblanding separat i lôket. Då surrar ein kjøtet nokre minutt i krydderblandinga før ein har sausen over og let det putre i nokre minutt.

Kok risen etter instruksane på pakken. Varm naanbrødet

Server curry'en på ris og med naanbrød.

Vel bekome!

tirsdag 26. juni 2012

Kokt makrell med agurksalat


Makrell høyrer sommaren til, då gjer det heller ikkje noko at den er kjempebilleg i ferskvaredisken. Makrell er ein feit fisketype som er full av omega, som seiast å vere sunt. Men ein må vere litt obs på at denne er mektig, så ein blir fort mett.

Til ein porsjon treng ei;
1 stor eller 2 små makrellar
1 1/2 l vatn
3/4 dl salt
7-8 svarte peparkorn
2 små laurbærblad

1/3 agurk
2 ss 7% eddik
1 ss sukker
1/2 dl vatn

2-3 kokte poteter
rømme

Lag agurksalaten først så den får stå å trekke, omlag 30 minutt. Rør ut sukker og eddik i ei glasskål og ha på vatn. Smak til, og juster med ev. meir sukker eller eddik til passe sur-søt. Ha i agurkskiver.

Makrellen er som regel ikkje reinska så det må ein gjere. Det gjer ein ved å skjere eit snitt frå tarmopningen og fram til hovudet. Del av hovudet bak finnane, og ta ut all innmaten. Vask fisken godt inni buken under rennande vatn slik at alt blodet og dei svarte hinnene blir vaska vekk. Del fisken i 3-4 serveringsstykker og kast sporden.

Kok opp vatnet med salt, peparkorn og laurbærblad (ein kan også ha i litt sitron, men då må ein bruke stålpanne/non-stick) til saltet er oppløyst. Ha fisken i og la trekke i 10 minutt (til fisken blir kvit, og skinnet byrjar å løysne).

Server markellen med agurksalat, rømme og kokte nypoteter.

Makrell går fint å steike også, men då lagar ein filetar (sjå video: http://www.youtube.com/watch?v=gqut_esVo7U (engelsk). Det kan vere lurt å vende dei i steikemjøl før ein brunar dei 2-3 minutt på kvar side. Fordelen med store makrellar er at det er lett å finne beina, men kjøtet kan vere litt grovt. Fordelen med små makrellar er at kjøtet er delikat, men det kan vere litt jobb med å fjerne beina. Likar ein ikkje makrell kan ein bruke laks eller aure.

Vel bekome!

lørdag 23. juni 2012

Rekesmørbrød



Det blir ikkje riktig sommar utan reker og anna sjømat. Rett nok er kanskje ikkje rekesmørbrød for middag å rekne, men et ein 3-4 stykker blir ein i alle fall mett!

Til 3-4 rekesmørbrød treng ein;
omlag 1 kg frosne reker, tina og renska
loff
majones (vanleg, kvitlauk eller sitron)
sitronbåtar

Fordel rekene utover eit fat for å tine dei. Har eg mykje reker brukar eg ofte langpanne. Rensk rekene og sett dei kaldt om du ikkje skal ete dei med ein gong. Kast reker som ser suspekte ut.

Skjer loff i skiver, ha på margarin og majones. Legg på masse reker. Så er det berre å lange innpå!

Reker held seg i kjøleskap til dagen etterpå, men bør ikkje stå for lenge. Dei skal lukte friskt av hav.

Vel bekome!

tirsdag 5. juni 2012

Gratinert fisk


Fisk er som nemnt i tidlegare innlegg både rimeleg og enkelt å lage, det er heller ingen bakdel at det er sunt. Det er også enkelt å variere. Denne varianten er med ost, noko som kanskje høyrest rart ut til fisk. Men det funkar:)

Til ein porsjon treng ein;
1-2 porsjonsstykke skinn- og beinfri lyrfilet (eller anna kvit fiskefilet)
1 lita gulrot
1/4 squash
1/2 raudlauk
salt og pepar
margarin
riven ost

Smør ei eldfast form med litt margarin. Dryss litt salt og pepar i botn. Legg fiskestykkene oppå, og dryss på salt og pepar.

Om ein har food processor eller eit rivgjern kan ein skive grønsakene på den. Skjer ein skiver for hand, må desse vere tynne. Legg først gulrøtene på fisken, og krydre litt, legg så squash på og krydre. Til slutt legg ein lauken oppå og dryssar på ost.

Gratiner forma i omn på 200 grader i 20-30 minutt. Sjekk med kniv om det er motstand eller ikkje, for å kjenne om retten er ferdig.

Server med potet, pasta eller brød, og ev. ein grøn salat. Eg prøvde denne gongen med potetskiver i lag med grønsakene, men det fungerte ikkje så godt, dei vart ikkje "gjennomkokt".

Vel bekome!


Svinepytt


Sjølv om det er lettvint å kjøpe frossen pytt i panne, er det også ganske greitt å lage sjølv frå byrjinga. Då har ein også betre kontroll på kva som er oppi. Sunnare er det også:)

Til ein porsjon treng ein;
150-200 g svineflatbiff, strimla
1/2 liten squash, i terningar
1/2 raud paprika, iterningar
1/2 raudlauk, i terningar
1 raud chili, utan frø, finhakka
1-2 kvitlauksfedd, finhakka
1 tomat, i terningar
olje
salt og pepar
1 porsjon ris

Brun svinekjøtet i litt olje, krydre med salt og pepar. Ha i lauk, squash, kvitlauk og chili og surr mjukt på medium varme. Ha i paprika og tomat og la bli gjennomvarmt. Krydre med salt og pepar til det er passeleg krydra.

Kok risen etter instruksane på pakken.

Ein kan sjølvsagt bruke andre grønsaker om ein vil alt ettersom kva ein likar og kva som er best i butikken. Ein kan bruke sopp, sukkererter, minimais, brokkoli og blomkål, det er berre fantasien som set stoppar:) Ein kan sjølvsagt bytte ut risen med poteter (då gjerne kokt frå før), potetmos eller pasta. Det er også godt med salat til.

Vel bekome!