lørdag 28. april 2012

Teriyakiwok


Wok er ein grei måte å lage sunn mat på utan at det treng å ta lang tid. Ein brukar få og friske ingrediensar og kan variere mykje. Og ein kan lage den så mild eller så sterk ein vil.

Til woken treng ein;

1 liten mørbradbiff (storfe), i tynne skiver
5 cm squash, i tynne terningar
2-3 vårlauk, hakka
1/2 liten raud paprika, i terningar
2-3 sopp, i skiver
1 neve brokkolibukettar (del dei store i to eller fire)
olje
1-2 ss maizenna (valfritt)
1/2 glas teryiakisaus (eller 1 pose ferdig woksaus)
1-1 1/2 dl jasminris
2-3 dl vatn 
ei klype salt

Ha ris, vatn og litt salt i ei panne. Ha på lôk og kok opp. Senk varmen og la risen trekke til den er ferdig (omlag 15 minutt). 

Varm woken godt og ha i olje. Vend biffskivene i maizenna, rist av overflødig maizenna. Brun biffskivene raskt på begge sider. Løft den ut og sett til side. Ha i meir olje og varm opp. Wok grønsakene raskt, ha biffskivene tilbake i woken. Ha på saus og vend godt. 

Server woken oppå risen. 

Grunnen til at ein vender kjøtet i maizenna er at det då får ei sprø hinne. Lagar ein woksaus med soyasaus brukar ein gjerne resten av maizennaen utrørt i vatn til å tjukne sausen. Men det treng ein ikkje å gjere når ein brukar ferdig-saus frå glas eller pose. Ønskjer ein litt sterkare wok kan ein ha i ein finhakka chili. Det går også fint an å bruke kylling eller svinekjøt i staden for storfe, eller berre grønsaker for ein vegetarvariant. 

Vel bekome!



onsdag 11. april 2012

Steikt ris


Steikt ris er ein av mine favorittar når eg bestiller kinesisk hentemat, men det er ganske enkelt å lage sjølv. Eg brukar ofte å koke meir ris enn eg treng til ein middagsrett, nettopp for å lage steikt ris.

Til steikt ris treng du;
ei porsjon kokt ris (t.d. jasminris)
2-3 ss maiskorn
1 liten purre, hakka
1/2 paprika, i terningar
1-2 kvitlauksfedd, finhakka
1 lita gulrot, raspa
1/3 boks bogskinke, i terningar (1 steikt kyllingfilet, i terningar, 1 liten biff, i terningar eller 1/2 boks reker på boks)
1 egg
litt olje
soyasaus
litt sesamolje

Pisk egget og steik eggerøre i woken (det kan vere lurt å ha litt olje i). Ta ut eggerøra og legg på eit fat, hakk i mindre bitar med ein kniv. Tørk wok'en med eit kjøkkenpapir. Varm litt olje, surr kvitlauk, purre og gulrot til det blir blankt. Ha i risen, og rør den godt rundt (den skal ikkje vere klumpete). Ha i bogskinke (eller kylling, biff eller reker), mais og paprika til det blir gjennomvarmt. Rør i egget. Drisle på litt soyasaus og sesamolje (nokre få dråpar) og rør godt.

Det går godt an å bruke andre grønsaker som t.d. hakka sopp, chili, riven squash, bønnespirer. Likar ein ikkje soyasaus kan ein godt smake til med salt og pepar, men då blir det ikkje heilt "kinesisk".

Vel bekome!


mandag 2. april 2012

Foliebakt fisk


Å bake fisk i folie er ein rask måte og lage til små porsjonar fisk på. Sjølvsagt kan ein lage det til fleire, då er det greitt å lage individuelle pakkar. Alle typar fersk fiskefilet kan brukast saman med grønsaker og anna godt.

Til ein porsjon treng du;
ca. 300 g fiskefilet (denne gongen brukte eg lyr)
1 liten purre eller 2-3 vårlauk, i ringar
5-6 friske grøne asparges
ca. 1 ss margarin
ein liten skvett kvitvin
salt og pepar

Saltkokte poteter:
160 g amadinepoteter (eller andre tapaspoteter/små norske nypoteter)
160 g havsalt
3,2 dl vatn

Lag til eit stykke aluminiumsfolie stort nok til å brette over fisken for å lage ein konvolutt. Legg det på eit bakebrett. Først legg ein asparges og purre på folien. Bøy aspargesen slik at den bryt, kast den nederste delen, den er for grov til å etast. Vask aspargesen, og del den i to på langs viss den er litt tjukk. Ha purre over og litt salt og pepar. Fjern skinn om fisken har det, og bein. Del fisken i passelege serveringsstykke. Krydre med salt og pepar på begge sider. Legg fisken oppå grønsakene, ha på litt margarin og brett aluminiumsfolien som ein konvolutt, med ei side open. Hell vin inn i konvolutten og lukk att.  Ein kan også bruke eldfast form med aluminiumsfolie over, eller med lôk på.

Bakast i omn ved 225 grader i 20-30 minutt alt etter kor store fiskestykkene er. Det kan vere lurt å opne ein pakke for å sjekke om fisken er ferdig. Det gjer ein ved å sjå om fisken deler seg i skiver ved å "pirke" borti med ein kniv.

Til potetene kokar ein opp havsalt og vatn til saltet er oppløyst. Legg potetene oppi (skrubb dei godt først for skalet skal vere på). og kok til dei er gjennomkokt. Hell av vatnet og la potetene dampe. Dei skal ha eit kvitt og innskrumpa skal når dei er ferdige.

Server fisk, grønsaker og poteter med sjy frå fisken over. Det går fint an å ha andre grønsaker i folien alt etter kva ein har eller har lyst på. Ein kan til dømes ha finsnitta gulrotskiver, små brokkolibukettar, sukkererter, paprikastrimlar, finsnitta raudlauk og sitronskiver. Dill er også godt saman med særleg laks. Ein kan også ha tynne potetskiver i, om ein kokar dei litt på førehand. Då lagar ein minimalt med oppvask:) Elles kan ein droppe kvitvin, og berre ha margarin eller olje i. Fisken og grønsakene lagar uansett god sjy.

Vel bekome!