torsdag 3. januar 2013

Brennande kjærleik


Denne retten fell innanfor kategorien kjempegod på smak, men kanskje ikkje den vakraste reint presentasjonsmessig. Det bør ikkje avskrekke nokon, for dette er komfortmat! Rimeleg er det også. Og ikkje minst ein god måte å bruke opp restar på.

Til ein stor porsjon trengst;
4 grillpølser, i bitar
1 liten purre, i ringar
1 stor sopp, delt i to, og i skiver
1/2 liten paprika, i terningar
1 pk. potetmospulver (gjerne med krydder/graslauk)
1 neve riven ost
salt/pepar (piffikrydder e.l.)
margarin til smøring av forma

Lag potetmos slik som beskrive på pakken (har ein heimelaga potetmos til overs, kan ein sjølvsagt berre varme oppatt denne).

Surr pølser, purre, sopp og paprika lett på steikepanna. Krydre med pepar, og ev. piffikrydder.

Ha potetmos i ei smurd eldfast form (ikkje for stor, ca. 2,5 liter). Fordel pølsemiksen oppå potetmosen og strø ost på toppen. Gratiner i omn til osten smeltar og byrjar å bli litt brun.

Det går fint å servere denne retten med salat og brød til.

Som nemnt er det mange moglegheiter her;
I staden for pølser kan ein bruke bacon, restar av steik, kylling/kalkun, karbonader, steikt kjøtdeig. Ein kan også bruke restar av grønsaksblanding. Eller ein kan bruke ferske grønsaker som bl.a. brokkoli, mais, lauk, kvitlauk. Det er i grunn berre fantasien som set stoppar.

Denne porsjonen er ganske stor, så den held til to dagar, eller til ein svært svolten person.

Vel bekome!