onsdag 11. april 2012
Steikt ris
Steikt ris er ein av mine favorittar når eg bestiller kinesisk hentemat, men det er ganske enkelt å lage sjølv. Eg brukar ofte å koke meir ris enn eg treng til ein middagsrett, nettopp for å lage steikt ris.
Til steikt ris treng du;
ei porsjon kokt ris (t.d. jasminris)
2-3 ss maiskorn
1 liten purre, hakka
1/2 paprika, i terningar
1-2 kvitlauksfedd, finhakka
1 lita gulrot, raspa
1/3 boks bogskinke, i terningar (1 steikt kyllingfilet, i terningar, 1 liten biff, i terningar eller 1/2 boks reker på boks)
1 egg
litt olje
soyasaus
litt sesamolje
Pisk egget og steik eggerøre i woken (det kan vere lurt å ha litt olje i). Ta ut eggerøra og legg på eit fat, hakk i mindre bitar med ein kniv. Tørk wok'en med eit kjøkkenpapir. Varm litt olje, surr kvitlauk, purre og gulrot til det blir blankt. Ha i risen, og rør den godt rundt (den skal ikkje vere klumpete). Ha i bogskinke (eller kylling, biff eller reker), mais og paprika til det blir gjennomvarmt. Rør i egget. Drisle på litt soyasaus og sesamolje (nokre få dråpar) og rør godt.
Det går godt an å bruke andre grønsaker som t.d. hakka sopp, chili, riven squash, bønnespirer. Likar ein ikkje soyasaus kan ein godt smake til med salt og pepar, men då blir det ikkje heilt "kinesisk".
Vel bekome!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar