torsdag 2. mai 2013

Vårleg grønsakssuppe med kjøtbollar


Sjølv om snøen ligg enno mange stader, er det kjekt å lage litt vår på kjøkkenet. Denne grønnsakssuppa passar godt på kalde vårdagar, med eller utan snø. Den er snar å lage også, noko som er greitt på travle dagar :)

Til 1 liter suppe treng ein;

Suppe;
1 liter hønsebuljong (anten laga av fond eller buljongterning, eller heimelaga om ein har)
litt olje
1 lauk, finhakka
2 kvitlauskfedd, finhakka
1 gulrot, i små terningar
1 squash, i små terningar
1 purre, i små terningar
1 liten pose frosne erter, ev. frosne bønner
1 neve suppepasta (bittesmå pasta) ev. makaroni eller spagetti brotne i småbitar
salt og pepar

Kjøtbollar;
1 pk. svinekjøtdeig eller kyllingkjøtdeig
1 liten grøn chili, finhakka
2 kvitlauksfedd, finhakka
litt finhakka lauk
ca. 1 ss potetmjøl
litt salt og pepar

Byrje med kjøtbollane. Køyr chili, kvitlauk og lauk smått i food processor, og ha i kjøttdeiga. Bland godt. Ha i salt og litt pepar, og bland godt. Ha i potetmjøl og bland til ei fast farse. Ein kan sjølvsagt lage fasen for hand, men då må ein kna godt til deiga er passe seig. 

Kok opp hønsebuljongen. Fyll eit litermål med litt vatn og væte ei teskei og form små "klinkekuler" av farsen. Ha kjøtbollane i den kokande krafta etter kvart som ein lagar dei. Bollane er ferdige når dei flyt opp. Ta dei ut av kjelen med ei holsleiv. Spar krafta.

Varm olje i ei gryte, og surr lauk, kvitlauk og purre mjukt på medium varme. Ha i gulrot og squash og surr med. Hell på krafta og kok opp. Ha i pasta og frosne erter og la suppa putre i 10 minutt. Ha i kjøtbollane og la dei bli gjennomvarme. Rør av og til. Smak til med salt og pepar. 

Server med godt brød til. 


Eg brukte frosne erter med brokkoli denne gongen, men ein kan velje det ein likar best sjølv. Vil ein ha ein vegetarvariant av suppa kan ein utelate kjøtbollane og bruke grønsakskraft i staden. 

Vel bekome!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar