lørdag 13. april 2013

Biffsalat


Av og til er det godt med eit lettare måltid, og då er salat eit bra val. Det er mange gode argument for å lage ein salat; det er sunt, ein kan bruke det ein likar best, ein kan bruke opp restar og ikkje minst der er ein fin lunsj når ein er lei brunostskiva! Denne salaten laga eg ein dag eg hadde ein biff til overs frå middag.


Til ein stor porsjon treng ein;
1 steikt biff (t.d. ytrefilet av storfe)
1 liten moden avokado
5-6 cherrytomatar
ca. 5 cm purrelauk
1/4 paprika
ca. 5 cm agurk
1 pk. fetasnack
1 hjartesalat
1 neve ruccolasalat
salt
pepar
sitron

Start med avkadoen. Del avokadoen i to på langs og ta ut steinen. Skrap ut "kjøtet" med ei skei og skjer i terningar. Ha avokadoen i ei skål og klem litt sitron over. Krydre med litt salt og pepar. Sett til side mens du lagar resten.

Del hjartesalaten i blad og skyll dei under rennande vatn. Legg den på eit kjøkkenhandkle. Skyll ruccolaen og legg den til tørk på kjøkkenhandkledet. Lag eit snitt på langs i purren og skyll den godt.

Del opp agurk og paprika i terningar, del purre i fine ringar og del tomatane i to. Finsnitt hjartesalaten, og  del ev. ruccolaen i mindre bitar (er ikkje alltid naudsynt). Bland alt i ein bolle.

Del biffen i fine skiver eller terningar og bland i salaten. Fordel fetasnack over, også olja, då den fungerer som dressing.

Server med godt brød til.

Det går også fint å bruke restar av kylling eller svinesnitsel i staden for biff. Det er også godt med oliven i salaten. Har ein restar av nudlar eller pasta kan ein blande det i.

Eg brukar ofte hjartesalat fordi den ikkje er så stor som t.d. isbergsalat, og den held seg godt. Den er i det heile eit godt alternativ for einmannshushaldingar, og til dei som ikkje brukar så mykje salat elles.

Vel bekome!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar