Shepherd's pie er eigentleg laga med lammekjøtdeig og brun saus. Eg brukar å lage den etter prinsippet man tager det man haver. Den fungerer også godt som restemiddag. Kjøtdeig er nok heller ikkje så sundt i lengda, men er jo snaut å bruke. Ein kan også bruke kyllingkjøtdeig eller svinekjøtdeig. Eller lage ein rein vegetarrett av den. Men uansett må ein ha potetmostopping på:)
Denne oppskrifta er til to personar, men kan lett lagast til ein.
Kjøttfyll;
1 pk kjøtdeig (400g)
1/2 lauk, finhakka
1 gulrot, i terningar
3-4 sopp, finhakka
1-2 kvitlauksfedd, finhakka
1 stor ss tomatpurè
1 boks hakka tomat
salt
pepar
pizzakrydder/oregano
sukker
Om ein likar det "hot" kan ein ha i ein finhakka chili. Om ein vil ha meir grønsaker i kan ein ha i 1/3 squash i terningar. Ein kan bruke andre grønsaker også, alt etter kva ein har for handa.
Potetmos;
6-7 medium poteter, skrella og i terningar (det går alltid med meir potet i potetmos, enn ein et av vanleg kokte)
ca. 1 ss flytande margarin
salt
pepar
mjølk
riven ost (valfritt)
Brun kjøtdeigen i ei gryte. Når den har fått litt farge, ha i alle grønsakene (utanom tomatar) og surr med til lauken byrjar å bli blank. Ha på tomatpurè og rør godt rundt. Ha deretter på hakka tomat. Dryss på pizzakrydder og la sausen putre til den byrjar å tjukne. Smak til med salt og pepar. Er det skarp tomatpurè-smak på sause, dryss i ei klype sukker. Ev. ha i meir pizzakrydder.
Kok potetterningane til potetmosen møyre, slå av vatnet og la dei dampe litt. Ha på margarin og mos potetene med ein potetmosar eller ein gaffel. Rør i mjølk til ein passe tjukk mos. Smak til med salt og pepar.
Smør ei eldfast form og fordel kjøtfyllet jamt i forma. Legg klattar med potetmos oppå fyllet. Potetmosen treng ikkje å dekke over alt, eller vere heilt glatt. Potetmosen blir sprøare og betre når det er toppar. Dryss på ost. Gratiner i omn ved 225 grader til osten og potetmosen er gyllen på toppen og fyllet boblar.
Server med salat og brød til.
Har ein restar etter t.d. spaghetti bolognaise eller ein annan kjøtsaus eller gryterett går det fint an å lage den til med potetmostopping. Då kan det vere lurt å varme oppatt restane i ei panne, eller steike den i omn på 175 grader i 20-30 minutt til den blir varm, før ein har på ost på potetmosen og aukar temperaturen til 225 grader. Det går også fint an å lage denne retten med potetmos frå pose. Kjøtsausen i denne oppskrifta kan også brukast til pasta.
Vel bekome!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar