søndag 18. mars 2012
Vegetarwok
Wok er enkel og sunn mat, som er kjapp å lage. Lett å lage mindre porsjonar av også. Valmoglegheitene av ingrediensar er nesten uendelege. Ein vel det ein likar best. Denne wokoppskrifta er rein vegetar, men ønskjer ein det kan ein erstatte ein eller fleire av grønsakene med kylling, svinestrimlar, biff, skaldyr...
I denne oppskrifta brukte eg:
ei lita gulrot
1/3 squash
1/4 stor paprika
1/2 liten lauk
nokre brokkolibukettar
1-2 sopp
5-6 minimais, delt på langs og i to
2-3 kvitlauksfedd, finhakka
1 raud chili, utan frø, finhakka
1 neve bønnespirer
olje
1 "flak" tørre eggenudlar
soyasaus
sesamolje
1/2 lime
maizenna rørt ut i vatn (kan utelatast)
Del grønsakene i omlag like store bitar (t.d. lillefingerstorleik). Varm olje i ein wok, start med gulrot, lauk, kvitlauk og chili. La surre litt medan ein rører. Ha i sopp, squash og brokkoli og surr med til dei byrjar å få farge. Ha i minimais, paprika og bønnespirer og la bli varme.
Ha på soyasaus slik at det er litt i botn. Drisle på litt sesamolje (ver litt forsiktig, for sesamolja har mykje smak). Klem limesaft over. Jamn med maizenna utrørt i vatn til sausen tjuknar.
Kok nudlane som beskrive på pakken. Sil av vatnet og vend dei ned i woken, slik at dei blir dekte med saus.
Woken kan godt serverast med ris, om ein ikkje vil ha nudlar. Då serverer ein dei woka grønsakene oppå risen. Brukar ein frosne wokgrønsaker, kan det vere lurt å tine dei først, sidan dei inneheld ein del vatn. Då unngår ein at woken blir utvatna:)
Vel bekome!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar