søndag 18. mars 2012

Pølsegrateng


Pølsegrateng er ein veldig grei måte å bruke opp restar på. Ein tek eigentleg det ein har av restar og vender dei i kvit saus og har pasta i. Ein kan godt bruke skinke, restar av steik, fisk eller berre grønsaker i staden for pølser.

Til ei lita form treng ein:
2-4 pølser, i bitar (t.d. grillpølser)
1/2 liten purre, finhakka
2 ss margarin
2 ss kveitemjøl
ca. 1/2 l mjølk
nokre nevar pasta
grønsaker, i bitar
kvit ost
salt og pepar

Smelt margarin i ei non-stick gryte og surr purrelauken blank. Dryss på mjøl og rør godt inn i margarinen. Spe med mjølk og rør godt mellom kvar speing. La sausen putre til mjølsmaken er kokt ut, rør av og til. Smak til med salt og pepar. Det kan vere lurt å krydre litt meir enn ein ville gjort om ein laga kvit saus til fisk. Ha i nokre skriver kvitost og la den smelte. Sausen bør vere ganske tjukk.

Rist pølsebitane i ei tørr steikepanne til dei er begynt og bli litt brune. Om ein brukar rå grønsaker bør dei kokast litt på førehand. Brukar ein grønsaksrestar, bør ein dele dei i mindre bitar. Ein kan også bruke frosne grønsaker, men då bør ein tine dei først og slå vekk tinevatnet.

Kok pasta som beskrive på pakken. Slå av vatnet. Vend pølser, pasta og grønsaker i sausen. Stuingen bør ikkje vere for blaut, det skal vere ganske mykje pølser og grønsaker og pasta i høve saus. Ha stuingen i ei smurd eldfast form. Ha ost på toppen og gratiner i omn til osten er gyllen. Har ein omn med gratineringsfunksjon brukar ein den, elles set ein omnen på 225 grader.

Server med grønsaker eller salat til, og godt brød.

Denne gratengen kan godt lagast til i førevegen, men då har ein ikkje ost på toppen før ein set den i omnen. Er forma kjøleskapskald, bør den setjast i romtemperatur ei stund før ein steikjer den. Set forma så i steikjeomn ved 170 grader i omlag 40 minutt, før ein har ost på og gratinerer ved 225 grader.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar