tirsdag 5. juni 2012
Svinepytt
Sjølv om det er lettvint å kjøpe frossen pytt i panne, er det også ganske greitt å lage sjølv frå byrjinga. Då har ein også betre kontroll på kva som er oppi. Sunnare er det også:)
Til ein porsjon treng ein;
150-200 g svineflatbiff, strimla
1/2 liten squash, i terningar
1/2 raud paprika, iterningar
1/2 raudlauk, i terningar
1 raud chili, utan frø, finhakka
1-2 kvitlauksfedd, finhakka
1 tomat, i terningar
olje
salt og pepar
1 porsjon ris
Brun svinekjøtet i litt olje, krydre med salt og pepar. Ha i lauk, squash, kvitlauk og chili og surr mjukt på medium varme. Ha i paprika og tomat og la bli gjennomvarmt. Krydre med salt og pepar til det er passeleg krydra.
Kok risen etter instruksane på pakken.
Ein kan sjølvsagt bruke andre grønsaker om ein vil alt ettersom kva ein likar og kva som er best i butikken. Ein kan bruke sopp, sukkererter, minimais, brokkoli og blomkål, det er berre fantasien som set stoppar:) Ein kan sjølvsagt bytte ut risen med poteter (då gjerne kokt frå før), potetmos eller pasta. Det er også godt med salat til.
Vel bekome!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar