søndag 6. mai 2012

Lyr i rømmesaus



Fisk er ei god råvare som ikkje treng å koste altfor mykje når ein skal lage til ein porsjon. Mange ferskvarediskar har også gode tilbod på fisk. Til denne retten kan ein i grunn bruke det meste av kvit fast fisk, så det er berre å velje den fisken som er rimelegast.

Til ein (stor) porsjon treng ein;
1 liten skinn- og beinfri lyrfilet (omlag 200-250 g)
3 ss kveitemjøl
litt salt og pepar
2-3 ss margarin
ca. 5 dl vatn
3-4 ss lettrømme
sukkerkulør

kokt potet
raspa gulrot

Ha kveitemjøl, salt og pepar i ein brødpose og rist godt. Del fiskefileten i passe stykker, og fjern ev. bein. Ha fisken i posen og rist godt så stykkene blir godt dekt.

Smelt 2 ss margarin i ei steikepanne. Brun fisken på begge sider, løft stykkene ut og sett til side. Smelt resten av margarinet og ha på 2-3 ss av steikemjølet (samme som ein vendte fisken i). Rør det godt i med ein visp. Spe med vatn og rør godt så klumpane løyser seg opp. Det skal vere ein ganske tjukk saus. Rør ut rømmen i sausen og la den putre på svak varme til den blir ganske tjukk. Ha i nokre dråpar sukkerkulør slik at sausen får ein lysebrun farge. Smak til med meir salt og pepar om det trengst.

Ha fisken tilbake i sausen og la den putre under lôk til fisken er gjennomkokt. Server med kokte poteter og raspa gulrot eller råkostsalat.

Vel bekome!

P.S. Det er lov å knuse potetene i sausen:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar