søndag 27. mai 2012

Steikt laks


Steikt laks er god, sunn og rimeleg middag. Eg kjøper anten laks i ferskvaredisken når det er tilbod, eller slike frosne "strips" med porsjonsstykker. Så lenge laksen er beinfri kan ein bruke den til mykje ulikt. Her har eg valt å steike den, men foliebakt eller grilla laks er også kjempegodt.

Til ein porsjon steikt laks;

1-2 stykker laksefilet, beinfri
5-6 asparges
2-3 poteter
margarin
rømme
salt og pepar

Skyll av fisken under kaldt vatn og tørk av med kjøkkenpapir. Krydre med salt og svart pepar. Bøy aspargesen til den knekker, spar toppen og kast den enden som knakk av. Skrell poteter og kok dei.

Aspargesen blir veldig god om ein dampar den. Då legg ein ei damperist i botn av ei panne, har på litt vatn og kokar opp. Legg aspargesen oppi og ein liten klatt margarin. Legg på lôk og senk varmen til middels.

Smelt litt margarin i ei steikepanne og steik laksen først med skinnsida ned på middels varme, snu etter 2-3 minutt. Steik til laksen er ferdig, omlag 5-6 minutt. Ein kan ev. legge på eit lôk og senk varmen.

Server med rømme til.

Ein kan bruke brokkoli eller salat til, om ein ikkje vil ha asparges.

Vel bekome!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar