mandag 14. mai 2012
Pasta med kjøtbollar
Kjøtbollar er godt, og det ganske enkelt å lage dei sjølv. Når eg først lagar kjøtbollar frå starten, brukar eg å lage meir enn eg treng til ein middag. Dei er nemleg kjekke å ha på lur i frysen. Eg brukar som regel pastasaus frå glas fordi det er enkelt og fordi det smakar ganske godt, men det er ingenting i vegen for å lage sausen frå starten av også. Kjøtbollane er i tillegg kjempegode til tapas :)
Til kjøtbollar treng ein;
1 liten raudlauk, riven
400 g karbonadedeig (eller kjøtdeig)
1 egg
2-3 kvitlauksfedd, finhakka
1 raud chili (utan frø), finhakka
ca. 1 ts salt
1/4 ts pepar
margarin
1 glas pastasaus
1 porsjon pasta (t.d. skruer)
riven parmesan
Ha lauk, kvitlauk og chili i ein food processor og køyr til grønsakene er finhakka (eller finhakk dei godt). Ha i karbonadedeig (kjøtdeig) og køyr slik at det samlar seg litt. Ha i salt og pepar og køyr til ei seig deig. Ha i egg og køyr så det får blanda seg godt. Du kan gjere alt dette for hand om ein ikkje har food processor, men det tek litt lenger tid.
Form små kjøtbollar og steik dei i litt margarin. Ein kan godt koke dei kjøtbollane ein ikkje skal ete med ein gong i litt buljong, eller steike dei ferdig på steikepanna etter at ein har bruna alle kjøtbollane.
Kok opp pastasausen og ha kjøtbollar i. Senk varmen og la kjøtbollane trekke i sausen til dei er gjennomkokt. Kok pastaen etter instruksane på pakken. Vend den kokte pastaen ned i pastasausen og kjøtbollane.
Server pasta med kjøtbollar i ein djup tallerken med mykje parmesanost på.
Vel bekome!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar